Tuesday, December 14, 2010

Endelig kom Enok !

Stolt storebror, glad og forkjøla pappa, trøtt Enok. Pappa Sig tok forresten eksamen i fysikk to dagar etter fødselen, er det rart ein blir slått ut.. Du er fantastisk Sigmund!
Anna og Enok poserer ilag for fyrste gong... :-) Kun 7 veker i alderforskjell !
Lykkelig mamma !!!
Sjå kor FINE dei e da.. ?! At det går an. Og dei e våre!
Vi e enige om at Enok e ganske lik Samuel som nyfødt. Ca 100 gram tyngre og nøyaktig like lang.

Vi takkar Gud for ein god fødsel og at han har velsigna oss med enda eit velskapt barn.. !
No entrar nok mamma Åsta ammetåka snart, når nettene blir lange og melka setter inn.. :D

Friday, December 3, 2010

Like før? kanskje..kanskje ikkje..

Samuel var heime fra barnehagen i dag og laga julekonfekt med mamma :-)
Då skeier vi gjerne ut og får ein stor slikkepott full av sjokolade...
Etterpå blei det eit bad, for å gi eit lite bilde av korleis guten såg ut etterpå..


Her poserer vi kanskje (?) for siste gong før lisjebror kjem

Se hva som skjer!