Friday, May 1, 2009

Ferieveke hos mormor og morfar på Stårheim







I snart ei veke har eg og systra mi Ellinor vore heime hos mamma og pappa på Stårheim. Samuel og Samson har blitt overøst av kjærlighet.... :-) Tydelig at det er stas å bli besteforeldre! Mamma og pappa har fått ein pangstart, med tre små profetar som kom innan 6 månedar.. Samson fyrst i september, Daniel Johan på julafta, og Samuel nøyaktig tre månadar seinare. Snakk om velsignelse! Eg ser for meg familieselskapa framover.. Ein bande på tre små profetar som finn på stadig nye sprell. Vil tru Daniel går foran med eit godt eksempel. Og at Samson tek seg av det fysiske arbeidet. Og at Samuel får sove godt om natta.. ;-) Tog du an? Hvis ikkje anbefalar eg å lese om desse tre profetane, det står skrive om dei i Bibelen. Underhaldande..
Bad med mormor
Dette fanget var det godt å ligge på...



Hagen vår.. Her blir det fint å springe for småtassane etterkvart!



Mamma si retro-vogn ;-) Funkar fett!



Samson tok seg likegodt ein smak av våren.

I morgon tar vi båten tilbake til byn. Det har vore ei fantastisk veke her heime. Det har vore oppe i 20 grader og våren er i full blomstring! Nydelig plass dette :-) Vi er heldige som har ein så flott heim å komme tilbake til, på ferie til mormor og morfar. Gler oss til august, då kjem Johannes og Helene med Daniel Johan óg. Savna dåkke denne gongen!






3 comments:

  1. Trur farmor og farfar på Buvang og begynner å bli passelig klar for dulle :)
    Det er forsåvidt eg og...!
    -Marie

    ReplyDelete
  2. Enig!!! Jeg vil også kjenne på kinnene når de er så myke at man nesten ikke kjenner at man tar på noe:) Kom hit kom hit!

    Men det så veldig fint ut på Stårheim óg nå da:)

    ReplyDelete
  3. Plutselig er det juli :-) Gler oss til kvalitetstid med farmor og farfar ja! Og alle dåkke andre.Vi bur litt for langt unna kvarandre.. Fint med blogg i mellomtida. No søv Samuel godt i senga si. Han er flink å sove!

    ReplyDelete