Wednesday, September 29, 2010



Hei kjære venner og familie! Her kjem eit livsteikn frå Askøy..

Sigmund er på HV-øvelse fra tirsdag til fredag denne veka. Litt utfordrande for gravide fru Hovde, men det har gått fint så langt! Når han er vekke merker kor godt det er å være to! Sigmund er ein fantastisk ektemann.. :-)

Sidan eg er 50% sjukemeldt frå og med denne veka, har eg bedre tid med Samuel. Han treng ikkje gå i barnehagen kvar dag. Forma mi er litt varierande, men stort sett fin. Eg har imidlertid vore meir sliten i rygg og bekken denne gongen, som heilt sikkert heng saman med at eg har litt meir å henge fingrane i no enn når Samuel var på veg. Godt å trappe ned og få meir tid til å lade batterier før fødselen og tida etter. Det er sikkert ikkje så dumt... :D Vi har funne namn til lisjeguten, men det er hemmelig enda.. Vent i spenning! Marie har sydd ei nydelig vogge som skal henge i taket, det var årets julegave fra Hovde-gjengen. TUSEN TAKK! Kunne ikkje vore bedre... Den satte vi virkelig pris på!

Her ser du Samuel som har begynt å "vaske opp"/vaske golvet. Varierande presisjon på den hellinga..

Og gjett om vi likar oss her oppe med vatnet.... ! !
To veksande magar

Samuel og Onkel Singar hadde ikkje heilt hellet på dette bildet, men sjå på Marie da! SÅ fin ! !

Håper det står bra til med vår kjære familie ! GOD klem






Tuesday, September 14, 2010

Et lite glimt fra Nesset prestegård, juli 2010
Samuel er ein ivrig og ofte konsentrert sandkassegraver..


Her poseres det i en dress som onkel Sivert hadde når han var på samme alder! stilig... ?!

Ellers har vi det bra.. Det er kun 11 veker igjen til lisjebror er venta. Vi er spente!
Sigmund er busy med studier, deltidsjobb på Rema1000 og etablering av ny speidergruppe her på Askøy. Åsta Katrine går i 60% og begynner å sjå fram til permisjon.. Samuel har begynt i barnehage og ser ut til å trives :-) Han har nettopp lært seg slengkyss, og er ivrig med å dele ut..
Og i dag kom hausten.. for fullt! Mykje regn og vind, og sylting av plommer fra Stårheim inne..

Klem fra oss tre!