Monday, April 6, 2009

Tilstandsrap(port) : Samuel 13 dagar

Her hadde eg hatt så vondt i magen.. Det hjalp å ligge på magen og bli dunka i ryggen :-)
Eg klarar nesten å åpne augene her....

Favorittplass å sovne så langt: Pappas fang! Mamma luktar berre melk..... Hehe..den er god!

Her søv eg visst óg. I søskenbarnet mitt sin barnevelsignelse...Fekk ikkje med med meg så mykje av den..

Se, barn er en gave fra Herren, livsfrukt er en lønn fra ham...
Salme 127:3

I dag kjem mormor og morfar til Samuel på besøk. Det gler vi oss til! Vi kjem meir og meir inn i ammerutiner og bleieskift. Samuel gir tydelig beskjed når noko ikkje er som det skal. Det handlar stort sett om at bleia er våt, at han vil ha pupp, at han vil ha oppmerksomhet eller at han er trøtt eller varm. I går var første gongen etter fødselen vi hadde eit tidspunkt vi skulle nå, og difor måtte komme oss ut dørene i løpet av ei viss tid. Kun 20 min forsinkelse! Ikkje verst.. ;-)


Wednesday, April 1, 2009

Vår første trilletur!

Etter ein herleg posjon med pupp er han så salig som eit menneske kan verte! Så då passa det bra å pakke han inn i "voksiposen" og trille ein tur i den herlege vårlufta.

















Deilig å komme seg ein tur ut!
Vogna er heilt super!














Vi e berre så stolte og takknemlege for vår lille Samuel!

Monday, March 30, 2009

Endeleg er han her!


No har Åsta Katrine og Samuel somla seg heim frå sjukehuset. Åsta Katrine fekk litt feber og måtte bli på sjukehuset til dei fann ut kva som var påenget med feberen ;-) Dei fann det ut og no får ho antibiotika. Ho er mi heltinne! Så tålmodig i trengselen og så takknemleg sjølv om det ikkje var så artig å kvar dag frå torsdag til søndag få beskjed om at i morgon kan de nok reise heim. Så idag då ho endeleg kunne komme heim hadde vi nesten slutta å håpe på at dette var dagen, men altså det var det! No er vi heime alle tre!

Samuel er no berre herleg! Han drikk berre mjølk og søv, så lenge han får det, er han så fredfull og fornøgd.


Det blir spanande å sjå kor trøtte vi vert no framover...

Friday, March 20, 2009

Dinne var morsom.. Bra tidsfordriv for høggravide!

105 Ord

Ut på tur

Nydelig veir i Bergen i dag - (våren er på anmarsj!), så etter middag bestemte vi oss for å ta ein tur ut i skog og mark! Eit av "fjella" på Askøy heiter "Dronninga". Her ser dåkke nokre bilder frå turen.. I morgon er det 1 veke sidan termin. Kanskje denne turen vil vise seg å ha fått fart i sakene? ;-) Helga ligg no foran, og vi er klare... :D

Forma er framleis fin, og baby bulkar i veg.. Men den har det tydeligvis ikkje travelt med å kome ut! Kanskje liknar h*n på foreldrene... No har vi ete taco, det er fredags kveld. "Kanskje i natt?" tenkjer den vordende mor, men etter 6 slike føregåande døgn har ho nesten vent seg til å vakne opp til nye dagar der alt er som før.. Og det som er så pussig (!) er at det nesten føles som om sjangsen for at babyen kjem neste døgn minskar for kvar dag som går. Men det er jo sjølvsagt omvendt..! :D
SOON and VERY soon.... !














Wednesday, March 18, 2009

Still waiting :D

Mens vi ventar kan vi jo oppdatere omverda...! Vi er fire dagar over termin i dag, og det er jo heilt vanlig for fyrstegongsfødande - så då har vi ingenting å klage over ;-) Og vi har det så bra! Forma er fin, og det blir bakt og vaska og dilla og dulla... I går sa eg til Sigmund at det er praktisk å være høggravid, då får ein gjort mykje! Då sa Sigmund at det er praktisk å ha ei høggravid kone.. :-D hehe.. Eg har aldri vært så huslig som no i permisjonstida.. Eit ordtak seier: "Den som er lykkelig, kan aldri stå for tidlig opp."-Camila Collett. Eg står gladelig opp 07:00 for tida..Og det er lenge sidan eg var A-menneske.. Den største grunnen er nok at det ikkje er så godt å ligge å dra seg med ein etterkvart ganske stor kul på magen.. Men sannelig er eg lykkelig óg! Kjenner korleis eg er fylt av forventning til det som skal skje.. Snart skal vi møte vårt fyrste barn.. !Det er god grunn til å stå opp for det!

Sigmund er i praksis i ei tredje-klasse desse vekene, med mobilen på...

Her er senga til babyen!



Friday, March 13, 2009

Det føles som julafta ganger 24..!

Det er dagen før termin... Eg (Åsta Katrine) har hatt lange periodar med kynnerar i heile dag, magen blir hard som ei kule! Veldig fasinerande og litt slitsomt ;-) Men eg har hatt energi for det, og har rukke å vaske to vindu, fiksa litt i leiligheta og bakt sjokolade/peanutt-kjeks. Dei blei go :-) (Takka være god oppskrift frå Elin!) Kanskje dette blir siste innlegget før babyen kjem... ? Det føles som om vi er i ein film... Det er nesten uvirkelig at vi snart skal holde babyen vår i armane. Vi er spente på om det er gutt eller jente, og veit at det er det ;-)