Friday, November 20, 2009

Kongens klær og farfars skyggelue

Hei hei! No har det jammen gått ei stund sida sist, dette bør ikkje bli ein vane..
Poenget med blogg er jo å stadig oppdatere. Vi vil prøve å skjerpe oss :-D
Det går fint med oss, Samuel har blitt nesten 8 mnd, og i dag tidlig stod han i senga ..
Han er fremdeles en glad og fornøgd liten gut. Ingen tenner enda.


På bildet under ser dåkke at vi var heime på Stårheim ein tur for ca 2 veker sidan. Vi sit i skogen ca 10 min frå huset vårt,(nærmare bestemt "Kaffiplassen") på bordet som Sigmund og Johannes satte opp i sommar! På bildet ser dåkke meg, Samuel, pappa morfar, Samson, Ellinor og Sara, som var heime på perm.
Og her er dei to mennene i mitt liv... Sigmund var på HV-øvelse ei veke no i haust.
Og HER: Sigmund og Samuel i kjent stil nede på golvet (Samuel er heldig som har ein leikeglad pappa... :-). Samuel har på seg lue som farfar hadde når han var liten! Slå den.. Den er fantastisk! Takk Anne Marie :-) Og Bjørn sjølvsagt, men det var nok svigermor som stod for formidlinga.

Wednesday, August 26, 2009

Glimt fra sumaren

Vi var som nevnt i bryllup i sommar, eh.. 4 bryllup. Dette bildet er frå Nederland. Søskenbarnet mitt Erling, med bruda si Tjitske - her på veg inn på rådhuset for å bli gift.
Veksthusa i Norge har INGENTING å stille opp med mot drivhusFABRIKKANE i Nederland. Det vi ser her er kun ein bit av eine langsida på det gigantiske området med veksthus..

Stakkars padda... den møtte vi på ei UiO-base nord for Amsterdam .. den satt på trappa vår og bokstavelig talt holdt på å dø. Ikkje bra.. Sigmund gjorde alt han kunne, men livet stod dessverre ikkje til å redde
The handsome man with the stroller..Legg merke til den beskjedne sykkelparkeringa til venstre i bildet. Dette er utanfor oppgangen til Jaldert og Simone (vener i Amsterdam)

Monday, August 24, 2009

En uforglemmelig sommer..

Samuel blir angrepet av nevø Daniel Johan...
Vi har vore flittige brukarar av kollektivtrafikken i sommar.. her på bussen frå nordmøre til nordfjord
Vi hadde en (romantisk) tur til Kammen mens farmor passa Samuel
Samuel og kusine Miriam på fanget til farmor i gyngestolen på Buvang
Sjølv om ein er ute og reiser må babyar sove.. her under setene utanfor ein gate på Flesland

Hei igjen kjære familie og venner!!
No er det jammen på tide med ei oppdatering :-) Vi har hatt en lang og god sommerferie. Først ei veke i Holland, der vi besøkte Jaldert og Simone i Amsterdam, eit anna vennepar i Zwolle - og sist men ikkje minst feira bryllupet til søskenbarnet mitt i Frisland (nord i NL), som har funne seg ei jente derfra. Det var VARMT..! Vi var glade for at vi valgte å ha leigebil med aircondition..

Etter 10 dagar heime på Askøy reiste vi til nordmøre. Der feira vi bryllup til Marie og Nils Ingar. Utrulig fint! Vi koste oss på Buvang sammen med NESTEN heile storfamilien - (16 stk!), og etter 2 veker reiste vi til Nordfjord og var der ca 2 veker ilag med familien der (11 stk tilsammen!). Så denne sommaren har vi hatt skikkelig familieferie, det kan ein trygt sei.. Og det har vore så kjekt!
TUSEN TAKK for ein fantastisk sommar kjære familie!!

Her kjem litt bilder fra ferien. Det må nevnast at vi har vore eindel ute og floge.. Opp og ned i fly heile 7 gongar..! Og vi har vore i 4 bryllup..! Eg gjentek: 4 bryllup!! Samuel er blitt 5 månedar, har passert 7,5 kilo og 66 cm. Han har begynt å ete graut :-) Og babblar og ler, skrattar og lagar merkelig lydar som foreldrene flirer av..

No er det haust og Sigmund har begynt på studiet igjen. 2 år more to go, so e han ferdig utdanna allmennlærar. Eg (Åsta Katrine) trivast veldig godt med husmortilværelsen. Dette blir berre bedre og bedre.. :-) Det er ei SANN FRYD å følge med Samuel. Vi storkoser oss som småbarnsforeldre :-)

Tuesday, June 16, 2009

Det gror....

Her er dei to nevøane, Samson og Samuel. Og to stolte mødre, Ellinor og Åsta Katrine. På dette bildet er Samuel trøtt, og Samson har lyst å ta av lua. Ei mor observerer, den andre avverger ;-)
Og Samuel sitt eldste søskenbarn på farssida, Nina! Nina var på besøk ilag med farmor når vi hadde barnevelsignelse for Samuel søndag 7.juni. Det var så kjekt å ha besøk av dåkke!!
Tidlig krøkast.. det måtte jo berre være ein gjenstand med hjul han skulle setjast opp på fyrst - han heiter jo Hovde..;-) Denne lastebilen i tre fikk Samuel i gave av vår gode venn Hanna. Super leike! Buksa han har på har forresten pappa Sig gått med i si tid. Den likte vi farmor!

No til helga skal vi besøke Martin, Cathrine, Filip og Miriam i Sandnes. Det gler vi oss til!
Sist veke var tante Marianne på besøk. Familietid er fint!! Vi set stor pris på dåkke.

Plutselig er sommarferien her. Sigmund har jobba 3 veker som lærarvikar. Om 2 veker reise vi til Nederland. Der skal vi treffe venner og i bryllup til søskenbarnet til Åsta Katrine, som har funne seg ei frisisk jente. I løpet av sommaren skal vi være her på Askøy, og nokre veker på Buvang og Stårheim. Høgdepunkter er: Marie og Nils Ingar sin bryllupsfest og å møte Daniel Johan!! (nevø i Danmark). I august blir det nemlig kvalitetstid med Johs og Helene (bror til Åsta Katrine) og Ellinor og Ole Håkon - og dei tre podane våre: Samson, Daniel Johan og Samuel. Morfar har nettopp kjøpt 120 nye høner! Kanskje det etter sommaren blir eit blogginnlegg om dei tre profetane på eggsanking...

GOD SOMMAR!!!

Wednesday, June 3, 2009

Guten veks! :-)


Pappa Sig om morgonen: I dag er du både gul og blå Samuel!
Samuel er klar for å komme seg opp og fram.. Han trener mykje på å sprette i fanget til pappa og mamma, og dei siste dagane har han såvidt prøvd seg på å gripe ting. Det er vanskelig! krever masse energi og konsentrasjon.. :-) Etterkvart blir han sliten og har lyst å sove..
Vaflesteiking på terassen

Tur i parken foran Nasjonalteateret

Tuesday, May 26, 2009

Holmedalen 62 B!

Terassen vår, utanfor stua. Praktisk! Der søv Samuel godt i vogna. Teltet er innflytningsklart ;-)
Gangen. 2 soverom til høgre, og bod til venstre

Sigmund og Samuel gjekk til Kleppestø i regnet for å hente seg take away. Samuel er flink til å observere! Dette var fyrste gong i babybjørnen med fronten framover. Han ser og ser... Dei siste dagane har han oppdaga høgre handa si! Han studerer den når vi bytter bleie, og når han ligg på golvet og ser på leiker som heng og dinglar. Studere handa, studere leika, studere handa, studere leika.. og mamma studerer Samuel ;-) Synst det er så fasinerande! Enorm størrelse på standard postkasse no for tida...?!

Det er herlig å ha meir plass rundt seg.. Merkast godt! Vi begynner å komme i orden, og gler oss veldig til besteforeldrene kjem neste helg..! Kjem til å savne deg Bjørn! Gler oss til å ha kvalitetstid med farfar i sommar ;-)

Thursday, May 14, 2009

Vi flytter downtown ;-)

Då er tida komen for flytting. Kjenner det skal bli godt å kome meir sentralt på Askøy. Florvåg er vakkert og grønt og stilt og rolig. Men det er litt tungvint å komme seg til butikk og buss - og det er ikkje veldig enkelt for folk å besøke oss når vi bur så langt ute på "landet". Kleppestø er "downtown" på øya, og der vi skal bo er det kun 3 min å gå til butikk, buss - og ca 5 min til båten som ein kan ta til byen. Det tek berre 10 min over, så er ein midt i bergen sentrum.
Bananeskene fyllast opp
Og Samuel er ein nøgdt liten gut.. Søv og drikk melk, og no ler han i tillegg! :D
Jippi... hurra! hipp hipp hurra!!!! Samuel trener til sin fyrste 17.mai. Den blir feira i Florvåg og inne i Bergen.
Vi vil ønske alle dåkke våre kjære ein god 17.mai! Tenk så heldige vi er som bur her da?!

ps: No er Samuel altså blitt 7 veker. Han er ca 5000 gram, og 58 cm. Om natta søv han godt.

P.ps: Sigmund hadde sin siste eksamen i dag!!! Halleluja :-D Han har lest og lest.. gjort en fantastisk innsats! Eg og Samuel innrømmer at vi er glad for at han er ferdig;-) No er vi klar for kvalitetstid med pappa ....:)

Friday, May 1, 2009

Ferieveke hos mormor og morfar på Stårheim







I snart ei veke har eg og systra mi Ellinor vore heime hos mamma og pappa på Stårheim. Samuel og Samson har blitt overøst av kjærlighet.... :-) Tydelig at det er stas å bli besteforeldre! Mamma og pappa har fått ein pangstart, med tre små profetar som kom innan 6 månedar.. Samson fyrst i september, Daniel Johan på julafta, og Samuel nøyaktig tre månadar seinare. Snakk om velsignelse! Eg ser for meg familieselskapa framover.. Ein bande på tre små profetar som finn på stadig nye sprell. Vil tru Daniel går foran med eit godt eksempel. Og at Samson tek seg av det fysiske arbeidet. Og at Samuel får sove godt om natta.. ;-) Tog du an? Hvis ikkje anbefalar eg å lese om desse tre profetane, det står skrive om dei i Bibelen. Underhaldande..
Bad med mormor
Dette fanget var det godt å ligge på...



Hagen vår.. Her blir det fint å springe for småtassane etterkvart!



Mamma si retro-vogn ;-) Funkar fett!



Samson tok seg likegodt ein smak av våren.

I morgon tar vi båten tilbake til byn. Det har vore ei fantastisk veke her heime. Det har vore oppe i 20 grader og våren er i full blomstring! Nydelig plass dette :-) Vi er heldige som har ein så flott heim å komme tilbake til, på ferie til mormor og morfar. Gler oss til august, då kjem Johannes og Helene med Daniel Johan óg. Savna dåkke denne gongen!






Friday, April 17, 2009

Samuel snart 4 veker

Hei farmor, mormor - onkler og tanter og alle andre som ser bildene av meg.. Her er eg snart 4 veker. Eg drikk melk og veks kvar dag.

Her er eg i rapeposisjon ;-)
Her sneik mamma seg til å ta et bilde av meg før eg vakna i dag tidlig.. Ho altså!
Og her kysser ho meg.. Ho er nemlig så lykkelig over å ha fått meg :-) Det kan eg forstå..

I dag smilte Samuel til meg....!! Det fyrste bevisste "skikkelige" smilet. Eg blei rørt..
Fantastisk øyeblikk..!

Friday, April 10, 2009

Far og sønn :-)

Samuel blir meir og meir vaken!



I dag skal vi på besøk til Lene og Gunnar Innerdal, som bur kun 10 min kjøretur frå oss. Dei har to barn, og den yngste av dei blei født 4 dagar før Samuel! Ganske stilig.. Vi hadde termin samme dag, men Lene blei altso fyrst ;-) Arti når ein får ungar på samme tid!!

Det er jo påske no, og vi kjenner at vi saknar familien vår.. Skulle gjerne vore på nordmøre! Mamma og pappa Nome var nedover sist helg, det var utrulig kjekt ;-) 10-timers biltur er litt i lengste laget når Samuel er så liten, så vi venter litt.. Men vi har geit frå nordmøre som ligg og marinerer seg i kjøleskapet. Det hjelper på :0)

Tuesday, April 7, 2009

Fleire bilder






Direkte inne fra sofaen

I dag har eg og Samuel trilla tur mens pappa vaska huset :-) No er vi heilt utslått begge to. Då er det herlig med ein mjuk sofa...! 2 veker har gått sidan fødselen. For kvar dag som går no går det meir og meir opp for meg at vi faktisk har fått ein son. Og eg kjenner kor glad og takknemlig eg er til Gud som har gitt oss denne dyrebare skatten. Eg gler meg sånn til å vise Samuel verda..og være tilstede når han oppdager nye ting. Merkar allerede at eg er arvelig belasta med eit stort hønemor-potensiale...Det er bra Sigmund kan vege opp med sine Hovde-påfunn ;-) Ei god blanding blir bra. Eg må ofte le av Sigmund når han bær Samuel rundt i leiligheta og snakkar til han om alt mulig rart..han viser han f.eks potteplantane! hihi...Og så har han funne sin eigen teknikk for å få Samuel til å sovne: Mongolsk strupesang! Det høyrest iallefall sånn ut .. ;-) Samuel sovnar og søv tungt til lyden av pappa sine brumlelydar og mamma som klukkler i bakgrunnen...

Håpar alle dåkke våre kjære har det bra!
EI VELSIGNA PÅSKE!

Klem frå oss som blir heime i Florvåg :-)----<