Tuesday, April 7, 2009

Direkte inne fra sofaen

I dag har eg og Samuel trilla tur mens pappa vaska huset :-) No er vi heilt utslått begge to. Då er det herlig med ein mjuk sofa...! 2 veker har gått sidan fødselen. For kvar dag som går no går det meir og meir opp for meg at vi faktisk har fått ein son. Og eg kjenner kor glad og takknemlig eg er til Gud som har gitt oss denne dyrebare skatten. Eg gler meg sånn til å vise Samuel verda..og være tilstede når han oppdager nye ting. Merkar allerede at eg er arvelig belasta med eit stort hønemor-potensiale...Det er bra Sigmund kan vege opp med sine Hovde-påfunn ;-) Ei god blanding blir bra. Eg må ofte le av Sigmund når han bær Samuel rundt i leiligheta og snakkar til han om alt mulig rart..han viser han f.eks potteplantane! hihi...Og så har han funne sin eigen teknikk for å få Samuel til å sovne: Mongolsk strupesang! Det høyrest iallefall sånn ut .. ;-) Samuel sovnar og søv tungt til lyden av pappa sine brumlelydar og mamma som klukkler i bakgrunnen...

Håpar alle dåkke våre kjære har det bra!
EI VELSIGNA PÅSKE!

Klem frå oss som blir heime i Florvåg :-)----<

No comments:

Post a Comment