Vi har vore flittige brukarar av kollektivtrafikken i sommar.. her på bussen frå nordmøre til nordfjord
Hei igjen kjære familie og venner!!
No er det jammen på tide med ei oppdatering :-) Vi har hatt en lang og god sommerferie. Først ei veke i Holland, der vi besøkte Jaldert og Simone i Amsterdam, eit anna vennepar i Zwolle - og sist men ikkje minst feira bryllupet til søskenbarnet mitt i Frisland (nord i NL), som har funne seg ei jente derfra. Det var VARMT..! Vi var glade for at vi valgte å ha leigebil med aircondition..Etter 10 dagar heime på Askøy reiste vi til nordmøre. Der feira vi bryllup til Marie og Nils Ingar. Utrulig fint! Vi koste oss på Buvang sammen med NESTEN heile storfamilien - (16 stk!), og etter 2 veker reiste vi til Nordfjord og var der ca 2 veker ilag med familien der (11 stk tilsammen!). Så denne sommaren har vi hatt skikkelig familieferie, det kan ein trygt sei.. Og det har vore så kjekt!
TUSEN TAKK for ein fantastisk sommar kjære familie!!
Her kjem litt bilder fra ferien. Det må nevnast at vi har vore eindel ute og floge.. Opp og ned i fly heile 7 gongar..! Og vi har vore i 4 bryllup..! Eg gjentek: 4 bryllup!! Samuel er blitt 5 månedar, har passert 7,5 kilo og 66 cm. Han har begynt å ete graut :-) Og babblar og ler, skrattar og lagar merkelig lydar som foreldrene flirer av..
No er det haust og Sigmund har begynt på studiet igjen. 2 år more to go, so e han ferdig utdanna allmennlærar. Eg (Åsta Katrine) trivast veldig godt med husmortilværelsen. Dette blir berre bedre og bedre.. :-) Det er ei SANN FRYD å følge med Samuel. Vi storkoser oss som småbarnsforeldre :-)
Sammen på kammen, hehe;-) Ser ut som de har hatt ein god sommar... Kjekt å sjå bilder!
ReplyDeletekoselig å sjå og lese :) Gleder oss til å komme på besøk snart!
ReplyDelete