Friday, November 20, 2009

Kongens klær og farfars skyggelue

Hei hei! No har det jammen gått ei stund sida sist, dette bør ikkje bli ein vane..
Poenget med blogg er jo å stadig oppdatere. Vi vil prøve å skjerpe oss :-D
Det går fint med oss, Samuel har blitt nesten 8 mnd, og i dag tidlig stod han i senga ..
Han er fremdeles en glad og fornøgd liten gut. Ingen tenner enda.


På bildet under ser dåkke at vi var heime på Stårheim ein tur for ca 2 veker sidan. Vi sit i skogen ca 10 min frå huset vårt,(nærmare bestemt "Kaffiplassen") på bordet som Sigmund og Johannes satte opp i sommar! På bildet ser dåkke meg, Samuel, pappa morfar, Samson, Ellinor og Sara, som var heime på perm.
Og her er dei to mennene i mitt liv... Sigmund var på HV-øvelse ei veke no i haust.
Og HER: Sigmund og Samuel i kjent stil nede på golvet (Samuel er heldig som har ein leikeglad pappa... :-). Samuel har på seg lue som farfar hadde når han var liten! Slå den.. Den er fantastisk! Takk Anne Marie :-) Og Bjørn sjølvsagt, men det var nok svigermor som stod for formidlinga.

Wednesday, August 26, 2009

Glimt fra sumaren

Vi var som nevnt i bryllup i sommar, eh.. 4 bryllup. Dette bildet er frå Nederland. Søskenbarnet mitt Erling, med bruda si Tjitske - her på veg inn på rådhuset for å bli gift.
Veksthusa i Norge har INGENTING å stille opp med mot drivhusFABRIKKANE i Nederland. Det vi ser her er kun ein bit av eine langsida på det gigantiske området med veksthus..

Stakkars padda... den møtte vi på ei UiO-base nord for Amsterdam .. den satt på trappa vår og bokstavelig talt holdt på å dø. Ikkje bra.. Sigmund gjorde alt han kunne, men livet stod dessverre ikkje til å redde
The handsome man with the stroller..Legg merke til den beskjedne sykkelparkeringa til venstre i bildet. Dette er utanfor oppgangen til Jaldert og Simone (vener i Amsterdam)

Monday, August 24, 2009

En uforglemmelig sommer..

Samuel blir angrepet av nevø Daniel Johan...
Vi har vore flittige brukarar av kollektivtrafikken i sommar.. her på bussen frå nordmøre til nordfjord
Vi hadde en (romantisk) tur til Kammen mens farmor passa Samuel
Samuel og kusine Miriam på fanget til farmor i gyngestolen på Buvang
Sjølv om ein er ute og reiser må babyar sove.. her under setene utanfor ein gate på Flesland

Hei igjen kjære familie og venner!!
No er det jammen på tide med ei oppdatering :-) Vi har hatt en lang og god sommerferie. Først ei veke i Holland, der vi besøkte Jaldert og Simone i Amsterdam, eit anna vennepar i Zwolle - og sist men ikkje minst feira bryllupet til søskenbarnet mitt i Frisland (nord i NL), som har funne seg ei jente derfra. Det var VARMT..! Vi var glade for at vi valgte å ha leigebil med aircondition..

Etter 10 dagar heime på Askøy reiste vi til nordmøre. Der feira vi bryllup til Marie og Nils Ingar. Utrulig fint! Vi koste oss på Buvang sammen med NESTEN heile storfamilien - (16 stk!), og etter 2 veker reiste vi til Nordfjord og var der ca 2 veker ilag med familien der (11 stk tilsammen!). Så denne sommaren har vi hatt skikkelig familieferie, det kan ein trygt sei.. Og det har vore så kjekt!
TUSEN TAKK for ein fantastisk sommar kjære familie!!

Her kjem litt bilder fra ferien. Det må nevnast at vi har vore eindel ute og floge.. Opp og ned i fly heile 7 gongar..! Og vi har vore i 4 bryllup..! Eg gjentek: 4 bryllup!! Samuel er blitt 5 månedar, har passert 7,5 kilo og 66 cm. Han har begynt å ete graut :-) Og babblar og ler, skrattar og lagar merkelig lydar som foreldrene flirer av..

No er det haust og Sigmund har begynt på studiet igjen. 2 år more to go, so e han ferdig utdanna allmennlærar. Eg (Åsta Katrine) trivast veldig godt med husmortilværelsen. Dette blir berre bedre og bedre.. :-) Det er ei SANN FRYD å følge med Samuel. Vi storkoser oss som småbarnsforeldre :-)

Tuesday, June 16, 2009

Det gror....

Her er dei to nevøane, Samson og Samuel. Og to stolte mødre, Ellinor og Åsta Katrine. På dette bildet er Samuel trøtt, og Samson har lyst å ta av lua. Ei mor observerer, den andre avverger ;-)
Og Samuel sitt eldste søskenbarn på farssida, Nina! Nina var på besøk ilag med farmor når vi hadde barnevelsignelse for Samuel søndag 7.juni. Det var så kjekt å ha besøk av dåkke!!
Tidlig krøkast.. det måtte jo berre være ein gjenstand med hjul han skulle setjast opp på fyrst - han heiter jo Hovde..;-) Denne lastebilen i tre fikk Samuel i gave av vår gode venn Hanna. Super leike! Buksa han har på har forresten pappa Sig gått med i si tid. Den likte vi farmor!

No til helga skal vi besøke Martin, Cathrine, Filip og Miriam i Sandnes. Det gler vi oss til!
Sist veke var tante Marianne på besøk. Familietid er fint!! Vi set stor pris på dåkke.

Plutselig er sommarferien her. Sigmund har jobba 3 veker som lærarvikar. Om 2 veker reise vi til Nederland. Der skal vi treffe venner og i bryllup til søskenbarnet til Åsta Katrine, som har funne seg ei frisisk jente. I løpet av sommaren skal vi være her på Askøy, og nokre veker på Buvang og Stårheim. Høgdepunkter er: Marie og Nils Ingar sin bryllupsfest og å møte Daniel Johan!! (nevø i Danmark). I august blir det nemlig kvalitetstid med Johs og Helene (bror til Åsta Katrine) og Ellinor og Ole Håkon - og dei tre podane våre: Samson, Daniel Johan og Samuel. Morfar har nettopp kjøpt 120 nye høner! Kanskje det etter sommaren blir eit blogginnlegg om dei tre profetane på eggsanking...

GOD SOMMAR!!!

Wednesday, June 3, 2009

Guten veks! :-)


Pappa Sig om morgonen: I dag er du både gul og blå Samuel!
Samuel er klar for å komme seg opp og fram.. Han trener mykje på å sprette i fanget til pappa og mamma, og dei siste dagane har han såvidt prøvd seg på å gripe ting. Det er vanskelig! krever masse energi og konsentrasjon.. :-) Etterkvart blir han sliten og har lyst å sove..
Vaflesteiking på terassen

Tur i parken foran Nasjonalteateret

Tuesday, May 26, 2009

Holmedalen 62 B!

Terassen vår, utanfor stua. Praktisk! Der søv Samuel godt i vogna. Teltet er innflytningsklart ;-)
Gangen. 2 soverom til høgre, og bod til venstre

Sigmund og Samuel gjekk til Kleppestø i regnet for å hente seg take away. Samuel er flink til å observere! Dette var fyrste gong i babybjørnen med fronten framover. Han ser og ser... Dei siste dagane har han oppdaga høgre handa si! Han studerer den når vi bytter bleie, og når han ligg på golvet og ser på leiker som heng og dinglar. Studere handa, studere leika, studere handa, studere leika.. og mamma studerer Samuel ;-) Synst det er så fasinerande! Enorm størrelse på standard postkasse no for tida...?!

Det er herlig å ha meir plass rundt seg.. Merkast godt! Vi begynner å komme i orden, og gler oss veldig til besteforeldrene kjem neste helg..! Kjem til å savne deg Bjørn! Gler oss til å ha kvalitetstid med farfar i sommar ;-)